KLEPP KOMMUNE HovudsideHovudside NettstadkartNettstadkart OrdførarOrdførar A A A Normal

Søk

Venstremeny

Du er her: Val > Førehandsstemming


Førehandsstemming

Førehandsstemminga startar 10. august 2007. I Klepp kommune kan du førehandsstemme i Klepp rådhus v/biblioteket og i fellesekspedisjonen.

Klepp bibliotek:

  • dagleg i kontortida - 10.00 - 15.00
  • frå 20. aug.- 07. sept. - 10.00 - 19.00 - Fredag 24. aug 10.00 – 15.00
  • laurdagsope 25. august og 1. september - 10.00 - 14.00

Fellesekspedisjonen:

  • dagleg i kontortida - 07.40 - 15.10.

Ekstra "Klepp midt på nåttå":

Nattopent for førehandsstemming på biblioteket fredag 17. august kl 18 - 24.

Personar som på grunn av sjukdom eller uførhet ikkje kan oppsøkje Klepp rådhus for førehandsstemming, eller som ikkje kan kome seg til vallokalet på valdagen, kan søkje om å få stemme heime. Valstyret må ha motteke søknaden seinast 31. august.

 Slik førehandsstemmer du:

  1. Henvend deg i ekspedisjonen på biblioteket eller i resepsjonen på rådhuset.  Valfunksjonæren vil registrere at du skal førehandsstemme, gje deg ein stemmesetelkonvolutt og forklare korleis du skal gå frem for å stemme. Stemmer du utanfor eigen kommune/eige fylke, får du utdelt stemmesetlar som bare er påført dei registrerte politiske partia. 
  2. Du går til valavlukket, vel stemmesetel/-setlar, kvite for kommunestyeval, blå for fylkestingsval og rosa for ordførarval, gjer eventuelle endringar og legg stemmesetlane i stemmesetelkonvolutten.
  3. Du går tilbake til valfunkjsonæren som legg stemmesetelkonvolutten saman med valkortet ditt ned i ein omslagskonvolutt. Stemmegjevinga blir så lagt i valurna.
 
Husk at stemmen må rekka å nå fram til heimkommunen din innan valdagen. Du bør difor vera ute i god tid.
 
Siste dag du kan førehandsstemme er fredag 7. september 2007.
 
Ta med legitimasjon og valgkortet du har fått tilsendt. Dersom du ikke har valkortet med deg får du allikevel stemme, men det forenkler valfunksjonæren sitt arbeid dersom du tar det med, og det går raskere for deg å stemme.


Sist oppdatert 25.09.2008

Klepp kommune, Pb 25, 4358 Kleppe - Tlf. 51 42 98 00 - e-post: postmottak@klepp.kommune.no

Nettstedskart